3 gode øvelsar for å auke kroppskontroll og styrke
Vi har valt ut 3 øvelsar som betrar kroppskontroll og styrke, og vi vil presisere kvifor på kvar øvelse.
Kategori
Trening og treningstips
Utvalet består av ein øvelse for press overkropp, ein for drag overkropp og ein for kjernemuskulatur. Håpar desse øvelsane inspirerar nokre der ute til å prøve noko nytt.
Eksplosive armhevingar til superman hold
Dette er ein fin eksplosiv øvelse som resulterar i økt aktivering av dei raske kraftproduserande muskelfibrane, som er avgjerande for maks presstyrke i bryst som ved for eksempel maksløft i benkpress. Ved å strekke ut armane på ein høgare gjenstand vil ein og jobbe med kordinasjon og kjernemuskulatur når ein bremsar øvelsen. I denne stillingen vil rykkstrekkjaren, rumpa, kjernen, triceps og skuldre for å nemne nokre musklar, vere i heilspenn for å halde kroppen stabil.
Utførelse:
Begynn med ca. skulderbreiddes avstand med hendene på golvet, strekk ut armane, stram rumpa og kjernen. Gå ned til albueleddet er i ca. 90 gradersvinkel og skyt deretter fart opp til du har henda på kassen eller anna gjenstand som er høgare oppe ein golvet. "Hopp" ned igjen kontrollert. Det var ein repitisjon. Repeter så lenge du klarar og halde kjernen på og følar deg trygg på at du kjem deg opp på kassen.
Les også: Den ultimate guiden til styrketrening
Pullup med klapp
Eksplosive pullups er og ein fantastisk øvelse for å auke styrke og kroppskontroll. Ein del av faktorane i armhevingane spelar og inn her. Her må du ha så stor fart som muleg for å komme opp og klare klappet på toppen, som igjen vil aktivere dei raskaste muskelfibrane du har. Når ein kjem opp til toppen og pressar stanga ned for så å gje slepp på den vil ein også bruke kjernen i stor grad.
På veg ned når ein grip stanga igjen er det viktig og ha kordinasjonen på plass, og kontrollen til og kunne bremse "fallet" på veg ned. Om ein ikkje er i stand til og klappe heilt enda kan ein gjere øvelsen enklare ved enten og utføre vanleg pullup så raskt som muleg, eller ein kan sleppe stanga på toppen for deretter å gripe den igjen.
Ab roller
Ab roller er eit lite plastikk hjul som finnes i dei fleste gymmer, men kan også utførast med ei stang, slynge eller ringar. Øvelsen er tilnærma lik sluttpossisjonen i den eksplosive armhevingen vist tidlegare. Men i staden for å være statisk er øvelsen meir dynamisk, og jobbar med heile kjernemuskulaturen gjennom full ROM (range of motion).
Dette er nok ein av dei beste øvelsane ein kan gjere for å styrke kjernen, og er ein sterk i kjernen vil det overførast til alle andre områdar innanfor trening og sport. Ein sterk kjerne vil og betre kroppskontrollen da dette krevast for start, stopp og brått skifte av retning under løp eller anna bevegelse av kropp.
Utførelse: Sug inn magen (krom nedre del av ryggen) for å aktivere kjernen utan og legge for mykje belastning på korsrygg. Pust inn, stram rompa og deretter rull forover så langt som muleg utan å sleppe spennet i ryggen. Rull tilbake med samme vinkel i hofteleddet (det vil sei ikkje rull hjulet tilbake ved hjelp av armer og skuldre eller ved å skyve rumpa bak, men med kjernen). Repeter så lenge du klarar å halde spennet.
Dette er topp tre øvelsar for å auke både styrke og kroppskontroll. Husk å vel den variasjonen av øvelsen som du klarar på ditt nåverande nivå.
Er du nysgjerrig på hvilken treningsform som passer best for deg? Vi har gjort det enkelt for deg og samlet mange treningstilbud for deg som ønsker å bli sterkere.